Museet er vegvisar
til kulturminne:


Kvernhus i Kvernepollen
- fiskarbøndene på Oen si kvern

Torvhus og torvmyrene
- 2000 år med energihushald

Breiviksundet
- fangstsystem for sild og laks

Herdlevær
- med historisk naustmiljø

Steinbygde hus på Breivik
- sauefjøs og tørkehus for korn

Fjæremannshuset på Breivik

Gamle Hjelme kyrkje og
naustmiljø

Nothengja på Hellesøy

Adnestova på Nordre Sæle

Guida turar frå Kystmuseet

Tur 1: Kollsnes - Herdlevær
Guide frå museet tek dykk med ut i kystlandskapet og viser
kontrasten mellom høgteknologisk gassproduksjon på Kollsnes
gassanlegg og energi- og ressursutnytting i den gamle fiskarbonden sitt hushald.

Tur 2: Tjeldstømarka - Gamle Hjelme kyrkje
Turen går nordover i kommunen, til Tjeldstømarka der ein kan sjå teigane med torvmyrer og torvhusa av stein. Området er verna som naturreservat med svært rikt fugleliv.
Gamle Hjelme kyrkje er frå 1875, og her vert det mogeleg å få høyra opptak av gamle folketonar frå Øygarden.

Kulturløypene er særskilt tilrettelagt for grupper med buss. Desse turane må avtalast på førehand.


Sykkelutleige
For den som ynskjer å utforska naturen og landskapet i eit roleg tempo, er sykkel eit godt val. Den langstrakte, flate øyrekkja er bunde saman med 11 bruer og er som skapt for sykkelturar!

Museet leigar ut syklar, og leiga inkluderer inngang til utstillingane.