Kystmuseet i Øygarden
Kystmuseet i Øygarden er
eit kulturhistorisk museum
for kystkulturen i Hordaland.
Museet er eit økomuseum
som tek vare på og formidlar
historia om natur og
kulturminne.

Sjølve hovudbygningen gjer
assosiasjonar til dei store sjøhusa
og ligg ved den gamle
dampskipskaia i Ovågen.
Her finn du kafe, utstillingar og
auditorium kor me syner
kulturistoriske filmar.

Museet har fleire naust og ei stor saltebu frå tida det var rikt sildefiske. Ved museet ligg eit særeige sjøbruksmiljø med over 20 ulike sjøhus og naust.

>> Museet på kartet

Museumskafe
Museumskafe med flott utsyn over vågen og den gamle dampskipskaia. Her kan me tilby tradisjonsmat, som nysteikte lappar med rømme og syltetøy eller anna heimebakst.

Grupper må gjera avtale om servering.

Museumsbutikk
I butikken vår, ”Sjurvika”,
kan de få kjøpt kvalitets-
produkt frå Oleana, Havstad
Tinn og Stana Tredreiing.
Frå vårt vareutval kan me
tilby kulturhistoriske bøker,
akvarellar (originalar og trykk), papirdokker, keramikk
og postkort.

Auditorium
Auditorium med 49 sitjeplassar med mulighet for PC-tilkobling, overhead, flipover og AV-utstyr.

Vising av historiske filmar i opningstida og etter avtale.