Fast utstilling
Hav og vind jord og eld
Utstillinga gjev små glimt frå
det lange tidsrommet Øygarden
og Vestlandet har vore busett.
Den presenterar energibruken
og ressursutnyttinga i fire
typar samfunn i Øygarden
gjennom 10 000 år: Jeger-
og sankarsamfunn frå
steinalder til bronsealder, fiskarbondesamfunnet frå bronsealder fram til 1900-talet,
|
industrisamfunnet frå første
halvdel av 1900-talet fram
til dagens oljesamfunn. Desse
samfunna skil seg frå kvarandre
i energibruk og miljøproblem.
Øygarden har eit særeige
landskap forma av geologiske
krefter og menneskeleg
påverknad gjennom mange
årtusen. Dette landskapet
er også lik store delar av
|
kysten på Vestlandet.
Livssett og næringsvegar er
forma av naturen, men og av
menneskja si verksemd over
ein lang periode.
Busetnaden i Øygarden har
gjennom heile førhistoria og
fram til i dag, vore sterkt
knytt til og avhengig av havet.
Samstundes er Øygarden eit særs vêrhardt strok av kysten. |